Kunngjøring

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,3 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjoner i 2017:

Innhold

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding

hva forsøkte du å finne?


Til kulturavdelinga i kommunen/fylkeskommunen


Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,3 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2017.

Mange som ikkje søkjer
Erfaring frå tidligare år viser at det finns mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon.  Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste.

Vi ønskjer å nå fleire
Det er også en del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. Vi prøver difor å nå ut til desse gjennom kommunane og fylkeskommunane, og ber om hjelp til å formidle informasjonen i denne e-posten til lag og organisasjonar i din kommune/distrikt.

De kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden vår. Her finn du også søknadsskjema. Dersom de lurer på noko, ta kontakt med oss på e-post postmottak@lottstift.no  eller telefon 57 82 80 00.

Minstegrenser
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 14 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Søknadsfristar
Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2017.

Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.


Med helsing

Lotteri- og stiftelsestilsynet.


Publisert: 15.06.2017 10:15
Sist endret: 15.06.2017 10:19